Eg snakkar ikkje om årstalet 1990, heller ikkje 1990 kroner… Eg snakkar om 1990 gram… Ja, så lett var Marius då han kom til verda. Ein liten nydeleg skapning som ville utforske verda nokre veker før termin.
Vi var som tidlegare nemt på kontroll forrige tysdag, og då var han 5015 gram… Og eg tok nokre bilete av han denne dagen…
Mange mødre snakkar om at borna deira veks, og at dei legg vekk kle i ulike størrelsar. Eg rekk ikkje å bruke alle kleda som Marius eig, for det første har han mykje kle, og for det andre så veks han fort. På tre månadar har eg lagt vekk kle i str. 44, 48, 50 og no snart 56…Kor mange tre mnd. gamle ungar veks seg ut av fire str?
Hadde besøk av to venninner i stad, og eg tok fram hentesettet til Marus. Når han fekk det var det stort til han, og vi kunne bruke det lenge. Det var i str. 44…
På biletet over har han på seg hentesettet…Stort sa du? :)