Viser innlegg med etiketten Kaker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kaker. Vis alle innlegg

torsdag 5. august 2010

Kaka til bryllupet er halvferdig

Tok den akkurat ut av ovnen, og den ser, om eg skal skryte litt, perfekt ut! Skulle ynskje eg fekk ta meg ein smakebit av denne kaka, men det får være. Skal bake ei slik kake til dåpen også, så er ikkje lenge igjen før eg skal til pers igjen.

Eg tenkte eg skulle dele oppskrifta med dykk, sidan eg framover har bestemt meg for å bli flinkare til å bake og prøve meg fram med ulike bakverk :) Oppskrifta er såpass enkelt at til og med bror min, som så og seie ALDRI bakar, klarte å bake denne. Dei fann den på TINE sine sider, og berre måtte prøve den ut. Og det måtte eg og.

Ingredienser

 

125 g TINE Ekte Meierismør

275 g sukker

2 egg hele

250 g hvetemel siktet

Bunn:

2 ts bakepulver

1 ts malt muskat

1 ts malt kanel

2½ dl TineMelk Hel

3 ss kakaopulver

Glasur:

45 g TINE Ekte Meierismør

300 g melis

2 ss kakaopulver

4 ss ferdig kaffe

1 dl små sjokoladekuler , eller sølvkuler

Slik gjør du

  1. Rund kakeform, 24 cm i diameter. I stekeovnen ved 180 grader i ca. 30 minutter

  2. Rør smør og sukker hvitt og kremaktig. Bland i sammenvispede egg. Sikt sammen mel, bakepulver og krydder. Rør det i vekselsvis med melken.

  3. Sett ca. 1/3 av røren til side. Sikt kakao i resten av røren og bland godt. Hell halvparten av den mørke røren i smurt form. Hell på den lyse og til slutt resten av den mørke røren. Stek kaken.

  4. Glasur:

    Rør sammen smør, melis, kakao og kaffe. Smør glasuren på kaken. Pynt med sjokoladekuler e.l.

 

Er du flink å bake? Har du nokre oppskrifter du kunne tenke deg å dele med meg?

onsdag 4. august 2010

Prøvebaking

Først og fremst vil eg sei at eg er INGEN bakar, sjølv om eg elskar å bake. Og galne meg har tatt på seg eit oppdrag. – Å bake ei kake til eit bryllaup. Å herrefred, nerva? Neida, ikkje i det heile. Høhø… Tanken på at eg skal bake ei kake som eg ikkje skal smake sjølv, og som skal stå på eit kakebord  i eit bryllaup er skummel. Tenk om dei ikkje liker den, tenk om den står urørt. Får håpe det ikkje kjem fram kven som har laga ho dersom den blir fiasko :p

Kaka eg har laga er tropisk aroma, og på første forsøk klarte eg å gjere ein feil. Å setje seg ned i sofaen når ein har kake i omnen er gape. Den gjekk voldsomt opp i midten og sprakk. Jaja, lukke til neste gong sa Frank :p Trur eg skal lage kaka som skal i bryllup tidleg på dag, i tilfelle den og blir fiasko. Og dersom den blir det inviterer eg på tropisk aroma i mange dagar framover :p

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails