Eg tenkte eg skulle teste ut produktet “Baby Foot”… Eg er ein person med ekstrem hard hund under føtene. Eg elskar å gå barbeint, og eg har aldri kvidd meg for å gå barfota utandørs, så eg har vorte meget hardhuda under føtene opp igjennom åra.
Har høyrt mykje om Baby Foot, nokre har IKKJE hatt effekt av det, medan andre nesten er avhengige, på grunn av produktets effekt.
Er du usikker på kva Baby Foot er? Vell, eg har søkt litt på internett og kan forklare deg. Døde hudceller forårsakar problem i fotsålen, Baby Foot er utvikla for å handtere dette problemet. Du sparar mykje pengar på å kjøpe Baby Foot istadenfor å kjøpe deg fotpleie. Baby Foot består av fruktsyrer som trenger seg inn i laga med døde hudcelle, dei døde hudcellene “peeles” naturleg av i samsvar med den naturlege skiftinga og friksjonen som skjer kvar dag. Etter “peelingen” blir foten mjuk som ein babyfot. Derav namnet “Baby Foot”. Ein treng berre å sitje med sålane i to timar, og så skjer det underverk etter eit par veker. Jaudå, eg er no spent på om det virkar. Og denne behandlinga kostar “berre” 200 kroner. Her i Volda får ein kjøpt det på parfymeriet på Spinneriet. Spurte på helsekost butikken i Ørsta om dei hadde det, men det viste seg for at dei ikkje ha det, men betjeninga ville prøve å bestille produktet. 
Eg er spent på om det fungerar, sjølvsagt. Men ein kan ikkje uttale seg om det før ein har prøvd, kan ein vel? Det skal litt til å ta seg tida til å sitje i ro i to timar. Men kva har ein helger, netter og sambuar til? Vel…Det er natt til søndag no i skrivandes stund, gutungen søv, og det gjer forsåvidt gubben også. Han ligg langflat på sofaen og søv. Og DET skjer så og seie aldri.
Så har du tid, eller ein sambuar som kan ta seg av husarbeid og barn, ja då tykkjer eg at du og kan unne deg to timar med “Baby Foot” behandling.
Har DU prøvd Baby Foot? Kva er di erfaring med produktet?


