onsdag 4. august 2010

Prøvebaking

Først og fremst vil eg sei at eg er INGEN bakar, sjølv om eg elskar å bake. Og galne meg har tatt på seg eit oppdrag. – Å bake ei kake til eit bryllaup. Å herrefred, nerva? Neida, ikkje i det heile. Høhø… Tanken på at eg skal bake ei kake som eg ikkje skal smake sjølv, og som skal stå på eit kakebord  i eit bryllaup er skummel. Tenk om dei ikkje liker den, tenk om den står urørt. Får håpe det ikkje kjem fram kven som har laga ho dersom den blir fiasko :p

Kaka eg har laga er tropisk aroma, og på første forsøk klarte eg å gjere ein feil. Å setje seg ned i sofaen når ein har kake i omnen er gape. Den gjekk voldsomt opp i midten og sprakk. Jaja, lukke til neste gong sa Frank :p Trur eg skal lage kaka som skal i bryllup tidleg på dag, i tilfelle den og blir fiasko. Og dersom den blir det inviterer eg på tropisk aroma i mange dagar framover :p

2 kommentarer:

  1. SV: Jepp. Men så er det jo no ekstra spesielt å vite at baby'n vokser KUN på det du produserer. At man klarer det HELT alene liksom :p Men men. Kanskje neste gang ;) Får kose litt ekstra mye ;)

    SvarSlett
  2. Det ordnar seg nok. Det er ingen som ser kva som er under kremen veit du, MYKJE kan ordnast med krem... Skjere litt her...og litt der, triks og mix... Lykke til!
    Helsing Tonje

    SvarSlett

Det er alltig hyggeleg med ein kommentar :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails