tirsdag 17. august 2010

Mor og datter

Søndag var ein merkelig dag… Den starta med avliving av familiehunden vår Kaisa. (Kjem eige innlegg)

Seinare på dag kom minste storebroren min, hans gravide kone og sonen på besøk til ho mor. Der fekk vi servert nydeleg ball, etterfulgt av is og avslapping på terrassen. Når vi ha ete oss gode og mette kom Miss (kattamora til venstre) mjauandes inn på stovegolvet… Eg tenkte med ein gong at no skulle ho vise at Selma (kattamora til høgre) holdt på å føde. Så vi fulgte etter ho, men neida… Katten laga sej til og skulle ha oss med for å finne fødeplass. Helst ville ho føde på terrassesofaen til eldstebror min, men vi fekk hatt ho opp i eit leiketrillebåre og leita fram fødekasse. Heldigvis hadde vi benytta oss av Kiwi sitt bleietilbod å kjøpt bleier i mange str. her på garden. (Snakkar vi babyboom i Skarstein familien? :P) Etter nokre timar ha det kome fem små kattar til verda.

 41000_1507488483776_1131215472_1481035_2497559_n

Seinare på dagen byrja vi å lure på kvar Selma hadde tatt vegen. Og såg for oss stor leiteaksjon mandagsmorgen. Då Selma dukka opp mandags føremiddag vart vi nysgjerrige på kvar ho ha gjømt kattungane sine… Når ein bur på ein stor gard er det ikkje alltid like enkelt å leite etter kattungar som vert fødde ute. Men etter litt trasking nedanfor huset til foreldra mine såg Ida noko som sprella i bedet. Tre små levandes kattungar hadde ho lagt frå seg. Kullet bestod av fem små, men to av dei overlevde dessverre ikkje.

Så alt i alt kom det ti kattungar (inkl. to dødfødte) til verden på søndag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det er alltig hyggeleg med ein kommentar :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails